
I dag har eg tenkt å ta føre meg Litago sin ”lettare sjokolademjølk”. Kva byr denne rosaprikka mjølkekartongen på som vi skal betale den nette sum av 14,- for?
Det første som slår meg ved kjøpet av denne ”nye” og lettare sjokolademjølka er kor vanskeleg det er å få den gjennom kassa. Butikkdama hadde ein dårleg dag, og trudde vistnok det ville hjelpe om ho let dette gå utover meg. Eg fikk ikkje ein gong eit smil. Og den var ikkje så lett å finne strekkoda på. Mjølka altså. Ikkje for ho i alle tilfelle.
Når eg endeleg hadde fått somla mjølka med meg ut frå butikken og skulle til å opne ho, vart eg djupt sjokkert. Den var ikkje noko lettare. Den var faktisk akkurat like tung som ein vanleg litago. Eg sto der på parkeringsplassen og følte meg relativt dum. Her trudde eg at eg skulle tømme nedpå med den nye og forbetra utgåva av litago som var lettare. Men NEI! Eg kunne nesten sverge på at den var litt tyngre.
Medan eg skumma gjennom all informasjonen på sida av pakka, viste det seg at den vart kalla lettare på grunn av mindre sukker og ikkje fult så mykje feitt. Då eg ikkje er nokon næringsekspert eller biokjemikar, sa resten av informasjonen meg fint lite, sjølv om 0,2 gram med kostfiber sikkert ikkje er nokon dum ide.

(Her er dokumentasjon på den idiotiske patenten!)
Men det var flaks at eg leste på sidene før eg opna. Her sto det inneramma i rosa: ”Vend opp ned før du åpner”. Då eg gjorde dette, skjedde det noko uventa. I det korken for av, for innhaldet ut. Av alle idiotiske patenter eg har sett, må dette være den dummaste! Kva er poenget med å be meg vende den opp ned FØR eg opnar når drikka berre renn ut? Makan!
Konklusjon
Ein meir pinleg og bortkasta måte å bruke pengane på en Litago: Lettare sjokolademelk har eg sjeldan opplevd. Ikkje var den noko lettare heller, kanskje til og med tyngre. Iallefall medan den hadde innhald. Men med tanke på at den vart lettare når eg gjorde som instruksjonen sa, var dette kanskje meininga.
Mjølka var god. Bør prøves.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
her kan du kommentere