

Då eg i skrivande stund kun har ete hobbyen, må eg likevel seie at konkurransen er stor. Medan Nidar tolmodig har grodd hobbysjokoladar i sine hobbytrær, har moder jord® samlebåndsprodusert eplene. Her er det ikkje kvalitet, men kvantitet som gjeld.

Eplet scorar poeng med sin praktiske bruk av stilk som handtak. Dette gjer det mykje lettare å transportere eplet utan å faktisk måtte ta på produktet. Dessverre er ikkje innpakninga noko å skryte av. Ein kan nesten påstå at eple er nakent. Derimot er det + for at eple kjem i fleire fargar.
Når det kjem til smaken, er det vanskelig å kåre ein solid vinnar. Sjokoladen har sine mange lag med forskjellige smakar. Her får ein servert sjokolade trekt over lett skum med banansmak og gele. Med ein slik ansamling smakar er det vanskeleg for ein monogastronomisk rett som eple å konkurrere. Eplet har dessverre berre to lag, og det eine er skallet. Her er også smaken einsformig, men får poeng for å være saftigast.
I kategorien ekstrapoeng må eg påpeike at hobbyen ikkje har så mykje å by på. Det er fint at den fyller ettermiddagen, at du kan velje mellom mange forskjellige, og at du kan ha han felles med andre, men han i dei siste åra blitt ganske vanleg. Eple derimot, har fått ein heilt annan kultstatus. Den har fått ei merkevarekjede oppkalla etter seg, blitt brukt til forgifting, blitt skutt på av Willhelm Tell og vart ei låt av røyksopp. På toppen av det heile fann det opp tyndgekrafta. Men der eple kanskje scora høgst var i Lars Monsen-faktoren. For då eg var komme til kjerna, fant eg ein liten ”pung” med to steinar i. Det finst ikkje meir kudos en dette…
Konklusjon
Då hobbyen er søt, god og svært populær på fritida, var dette ein verdig konkurrent. Men då eple aldri fell langt frå stammen, må det nok gå av med sigeren.