tirsdag 9. juni 2009

Hobby versus Eple

For å finne kvalitet, må ein ofte måle to produkt mot kvarandre. Men kven kjem sigrande ut av duellen mellom eple og hobby?


Då eg i skrivande stund kun har ete hobbyen, må eg likevel seie at konkurransen er stor. Medan Nidar tolmodig har grodd hobbysjokoladar i sine hobbytrær, har moder jord® samlebåndsprodusert eplene. Her er det ikkje kvalitet, men kvantitet som gjeld.

Eplet scorar poeng med sin praktiske bruk av stilk som handtak. Dette gjer det mykje lettare å transportere eplet utan å faktisk måtte ta på produktet. Dessverre er ikkje innpakninga noko å skryte av. Ein kan nesten påstå at eple er nakent. Derimot er det + for at eple kjem i fleire fargar.

På den andre side scorar hobbyen lavt for sin mangel på skikkelig handtak. Den er som skapt for å skli ut av fingrane. Kunne eit lite handtak være for mykje å be om? Derimot får den poeng for sin glansfulle og slankstripa sølvinnpakkning. Desse vert handlaga av himalayiske jomfruer ut av kompost og stjernestøv. ++ for miljøvenligheit.

Når det kjem til smaken, er det vanskelig å kåre ein solid vinnar. Sjokoladen har sine mange lag med forskjellige smakar. Her får ein servert sjokolade trekt over lett skum med banansmak og gele. Med ein slik ansamling smakar er det vanskeleg for ein monogastronomisk rett som eple å konkurrere. Eplet har dessverre berre to lag, og det eine er skallet. Her er også smaken einsformig, men får poeng for å være saftigast.

I kategorien ekstrapoeng må eg påpeike at hobbyen ikkje har så mykje å by på. Det er fint at den fyller ettermiddagen, at du kan velje mellom mange forskjellige, og at du kan ha han felles med andre, men han i dei siste åra blitt ganske vanleg. Eple derimot, har fått ein heilt annan kultstatus. Den har fått ei merkevarekjede oppkalla etter seg, blitt brukt til forgifting, blitt skutt på av Willhelm Tell og vart ei låt av røyksopp. På toppen av det heile fann det opp tyndgekrafta. Men der eple kanskje scora høgst var i Lars Monsen-faktoren. For då eg var komme til kjerna, fant eg ein liten ”pung” med to steinar i. Det finst ikkje meir kudos en dette…

Konklusjon
Då hobbyen er søt, god og svært populær på fritida, var dette ein verdig konkurrent. Men då eple aldri fell langt frå stammen, må det nok gå av med sigeren.

mandag 8. juni 2009

Litago – lettare sjokolademjølk?



I dag har eg tenkt å ta føre meg Litago sin ”lettare sjokolademjølk”. Kva byr denne rosaprikka mjølkekartongen på som vi skal betale den nette sum av 14,- for?

Det første som slår meg ved kjøpet av denne ”nye” og lettare sjokolademjølka er kor vanskeleg det er å få den gjennom kassa. Butikkdama hadde ein dårleg dag, og trudde vistnok det ville hjelpe om ho let dette gå utover meg. Eg fikk ikkje ein gong eit smil. Og den var ikkje så lett å finne strekkoda på. Mjølka altså. Ikkje for ho i alle tilfelle.

Når eg endeleg hadde fått somla mjølka med meg ut frå butikken og skulle til å opne ho, vart eg djupt sjokkert. Den var ikkje noko lettare. Den var faktisk akkurat like tung som ein vanleg litago. Eg sto der på parkeringsplassen og følte meg relativt dum. Her trudde eg at eg skulle tømme nedpå med den nye og forbetra utgåva av litago som var lettare. Men NEI! Eg kunne nesten sverge på at den var litt tyngre.

Medan eg skumma gjennom all informasjonen på sida av pakka, viste det seg at den vart kalla lettare på grunn av mindre sukker og ikkje fult så mykje feitt. Då eg ikkje er nokon næringsekspert eller biokjemikar, sa resten av informasjonen meg fint lite, sjølv om 0,2 gram med kostfiber sikkert ikkje er nokon dum ide.









(Her er dokumentasjon på den idiotiske patenten!)

Men det var flaks at eg leste på sidene før eg opna. Her sto det inneramma i rosa: ”Vend opp ned før du åpner”. Då eg gjorde dette, skjedde det noko uventa. I det korken for av, for innhaldet ut. Av alle idiotiske patenter eg har sett, må dette være den dummaste! Kva er poenget med å be meg vende den opp ned FØR eg opnar når drikka berre renn ut? Makan!

Konklusjon
Ein meir pinleg og bortkasta måte å bruke pengane på en Litago: Lettare sjokolademelk har eg sjeldan opplevd. Ikkje var den noko lettare heller, kanskje til og med tyngre. Iallefall medan den hadde innhald. Men med tanke på at den vart lettare når eg gjorde som instruksjonen sa, var dette kanskje meininga.
Mjølka var god. Bør prøves.

søndag 7. juni 2009

Bloggtema

Eg har endeleg komme fram til kva eg skal fokusere på i bloggen min. Eg skal bli ein anmeldar.


Vi snakkar sjølvsagt ikkje om den kjeisame forbrukar anmeldinga av tørre ting som populærfilmar og CD-plater (Nei, eg kjem ikkje til å høyre på Alexander Rybaks CD berre for å få ein sjanse til å slakte han, då han høyres ut som Elvis på helium som syng ”kva-eg-gjorde-i-ferien-min”-tekster frå barneskulen (ja, eg veit eg lova å ikkje gjer det, men må ein så må ein)).


Vi snakkar her om anmeldelsar for moroskuld, heilt utan terningkast (men kaskje eit slags ratingsystem). Eg kjem nok til å spreie rundt meg med popkulturelle referansar, være blodeg useriøs og kanskje anmelde på oppmodning frå andre.


No som eg har fått meg ei målsetjing med bloggen, er det vel berre å kaste seg i gong. Fortsetting føljer… seinare


P.s: Eg kjem til å prøve å halde bloggen på nynorsk, då eg føler dette er eit meir romantisk og eventyrleg språk.

lørdag 6. juni 2009


I dag har jeg opprettet bloggen.

Får da være nok.

Kommer mer senere.

Slutt å mase!

Her er forresten en ekte pondusdame... Kanskje Trynhilde?